Har du lyst til å høyre 4 fantastiske folkemusikerar frå tre forskjellige land?
Dei er 6.-års musikkstudentar, og har dei to siste åra spelt og studert sammen på Nordisk Master - studiet. Nordisk Master tar utgangspunkt i dyktige studentar frå dei nordiske landa. Dei studerar eit halvår i Danmark, eit i Sverige, eit i Finland og eit halvår i Norge. Akkurat no er dei i Norge på Ole Bull Akademiet på Voss. Me har klart å lokke denne flotte gjengen over fjellet for å spele knakande god folkemusikk! Dei tek med seg det beste av kvar enkelt utøvar sin tradisjon, og saman utgjer dei gruppa "Tranotra". Dei er i desse dagar ferdige med å spele inn debutalbumet sitt i Helsinki, Finland. I Tranotra spelar: Olaug Furusæter (NO): Fiddle Sven Midgren (SWE): Fiddles Markus Räsänen (SWE/FI): Accordeon Benjamin Bech (DK): Clarinets Ta med deg ein venn og møt opp på Liatun kl. 15.00 søndag 17. februar. Inngang: 150,- Born under 12, gratis! (Det vert sal av kaffi og kake) Kun kontant betaling. |
fredag 8. februar 2013
Tranotra på Liatun
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar