fredag 2. november 2012

Kurshelg med P.A. Røstads!

Ein unik sjanse til å få lære hos nokon av dei aller beste! Me er heldige som har fått P.A. Røstads Orkester til å halde kurs, spele konsert og ikkje minst spele til dans på bygdefesten på Votnahall 17. nov! 

Sett av denne novemberhelga fyrst som sist! 17.-18. nov!

Kursleiar: Einar Olav Larsen, hardingfele

Kurset vil dreie seg om gammaldansmusikk. Laurdagen vert det også dansekurs. Kursa er åpne for alle, medlem eller ikkje. I prisen til kvart kurs ligg billett til bygdefesten på Votnahall om kvelden. 

Undervisning Laurdag: 

kl. 13.00 -16.00

Undervisning sundag: 
kl. 10.00 -13.00

Kurs laurdag og sundag:
Gammaldans på torader
Gammaldans på hardingfele
Gammaldans på trekkspel
Komp til gammaldans (gitar og bass)

Kurs laurdag:
Dansekurs i gammaldans (Trengs ingen forkunnskap)
Martin Myhr vert danselærar!

Pris medlem: 350,-
Ikkje medlem: 500,-
Dansekurs: 300,-

Kurset vert på Sundre Gjestestugu. 

Det er mogleg å kjøpe seg middag etter kurset laurdag og lunsj søndag. Sei ifrå om de ynskjer det når det melder dykk på.

Laurdag:
Kyllinggryte m/ris og salat
Dessert + kaffi
Kr: 220,-

Søndag:
Karbonadesmørbrød
+ kaffi
Kr: 120,-

Påmeldingsfrist til kurset: 5. november

Påmelding til leiar:
Ingebjør Sørbøen
Tel: 97 56 22 68
E-mail: ingas_89@hotmail.com

På Votnahall startar kvelden 20.30 med P.A. Røstads Orkester. Dei spelar ein konsert på 30-40 min, før dei spelar opp til dans resten av kvelden.

Med oppfordrar alle til å ta med instrument, det er fritt fram til å hive seg på scenen når orkesteret har pause.

Det vert øl og vinservering på Votnahall.
Aldersgrense: 15 år
(15-18 år fer egne band ved inngang.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar