onsdag 26. februar 2014

Årsmøte i Ål spel- og dansarlag sundag 09.mars

Årsmøte 2013/2014

Årsmøte vert sundag 09. mars kl. 17.00 på Sundrehall.
Frå kl. 18.30 vert det servert spikjimat m/tilbehør. Dette kostar kr. 100,- for medlemmer.
Meld dykk på viss de ynskjer å være med på maten. Frå kl. 19.30 - 21.30 vert det dans. Hallingspringar/Gammaldans, m.m.
Nokre av kveldens spelemenn: Erlend Apneseth, Margit Myhr, Sørbøen & Paulson, Rebecca Lofft m.fl. Scena er open for dei som ynskjer!


DAGSORDEN:


1.     Opning ved leiar
2.     Godkjenning av innkalling
3.     Val av ordstyrar og referent
4.     Årsmelding v/ Ingebjør Sørbøen
5.     Regnskap og budsjett v/ Anders Lunden Herfoss
6.     Framdriftsplan
7.     Val av styre
8.     Eventuelt

      Vel møtt!


fredag 27. september 2013

Gammaldans og springar-kafè


  • Laurdag 26. oktober arrangerer Ål spel- og dansarlag for fyrste gong ein dansekafè! Denne vil verta på Sundrehall frå kl. 12.00-14.00 :-)

    Musikken vil bestå av gammaldans og hallingspringar.

    I forkant av kafèen vil me arrangere eit GRATIS lynkurs i Hallingspringar med Ola Stave som instruktør. Ola vert med heile formiddagen, så her kan de mase alt de vil! Spelemann på kurset vert Anders Lunden Herfoss. Dette kurset har start kl. 11, det trengs ikkje påmelding. Men hugs å møte opp! :p

    Kanskje det viktigaste tå alt? Ein treng ikkje danse for å gå på kafè. Kom gjerne berre for å ta ein kaffekopp, skravle med nabo'n og nyte god musikk!

    Spelemenn:
    12.00 - 12.30 Rebecca Lofft
    12.30 - 13.00 Sjur H. Borge
    13.00 - 13.30 Ingebjør Sørbøen
    13.30 - 14.00 Ulf-Arne Johannessen

    Sal av kaffi og kaku til veldig trivelege prisar!

    Me vert utruleg glade viss mange kjem å støttar opp om dette arrangementet, då er det stor sjanse for at dette er eit tiltak me vil fortsetje med!

Sjur Hovden Borge har pussa både toraderen og skoa til ålingstur!

Innlegg


fredag 8. februar 2013

Tranotra på Liatun


Har du lyst til å høyre 4 fantastiske folkemusikerar frå tre forskjellige land?

Dei er 6.-års musikkstudentar, og har dei to siste åra spelt og studert sammen på Nordisk Master - studiet.
Nordisk Master tar utgangspunkt i dyktige studentar frå dei nordiske landa. Dei studerar eit halvår i Danmark, eit i Sverige, eit i Finland og eit halvår i Norge. Akkurat no er dei i Norge på Ole Bull Akademiet på Voss. Me har klart å lokke denne flotte gjengen over fjellet for å spele knakande god folkemusikk! Dei tek med seg det beste av kvar enkelt utøvar sin tradisjon, og saman utgjer dei gruppa "Tranotra".
Dei er i desse dagar ferdige med å spele inn debutalbumet sitt i Helsinki, Finland.

I Tranotra spelar:

Olaug Furusæter (NO): Fiddle
Sven Midgren (SWE): Fiddles
Markus Räsänen (SWE/FI): Accordeon
Benjamin Bech (DK): Clarinets

Ta med deg ein venn og møt opp på Liatun kl. 15.00 søndag 17. februar.

Inngang: 150,-
Born under 12, gratis!

(Det vert sal av kaffi og kake)

Kun kontant betaling. 

torsdag 10. januar 2013

GREPA Bygdefest

Fjerde og siste bygdefest for denne gong står for tur fredag 18. januar.

Det er jentegruppa "Grepa" som spelar opp til dans på Liatun grendahus i Satakroken!

Før bygdefesten vert det kurs i hallingspringar for nybegynnerar og viderekomne med Martin Myhr på Liatun. Kurset vert frå kl. 17-20. Det kostar kr. 300,- og i prisen er det også inngang til festen på kvelden.


I Grepa spelar:

Ida Furusæter (Ringebu): Torader
Ingebjør Sørbøen (Ål): Hardingfele, fele, gitar og mandolin
Margit Myhr (Ål): Hardingfele, fele og song
Kari Finne Sognnæs (Voss): Fløyte og song

Grepa har sitt utsprang i eit særdeles hyggeleg kollektiv i Groavegen på Voss. Der budde dei ilag då dei studerte ved Ole Bull Akademiet.

I 2011 vant Grepa E-co sitt folkemusikkstipend under Folkemusikkveka. Dei kom attende året etter med urpremiere på ei forestillig som tok utspring i sagnet om "Margit & Kyrkjeklokkene i Torpo".

Me gler oss til siste bygdefesten, som før er alle hjarteleg velkomne til å ta med instrument og spele i pausene!

Inngang: 200,-

Aldersgrense: 15 år

Kun kontant betaling!

mandag 3. desember 2012

Førjulsfest med Kvarts på Sundrehall!

Tredje bygdefesten i regi av Ål spel- og dansarlag vert på SUNDREHALL 14. desember! Ein real førjulsfest rett og slett!

KVARTS står for musikken! :-) 

Denne gruppa er velkjent for mange, det er ikkje mykje Kvarts ikkje har vore med på! 

Kvarts vart danna i 1998, frå dei starta opp til i dag har dei gjeve ut ei rekke album, bl.a. med Hemsing-systrene og Kringkastingsorkesteret. Dei har vunne to spelemannsprisar. 

Kvarts består av:
Jo Asgeir Lie, trekkspel
Øystein Rudi, fele, hardingfele
Tom Willy Rustad, kontrabass, gitar, torader, munnharpe
Erlend Styve, gitarar

Inngang: 200,-
Aldersgrense: 15 år

Dørene opnar: 20.30
Start: 21.00 

Servering av øl og vin.

Kun kontant betaling.

søndag 18. november 2012

Super Helg! :-D

Då var haustens mest aktive helg i spel- og dansarlaget unnagjort!


P.A. Røstads Orkester holdt kurs i hardingfele og komp laurdag og søndag på Sundre Gjestestugu. Laurdag kveld begynte dei kvelden med ein minikonsert på Votnahall, før dei spelte til dans resten av kvelden. Fantastisk speling!
Utruleg triveleg at så mange fant vegen til Votnahall denne laurdagen!

Laurdag var det også dansekurs med Martin Myhr på Sundre Gjestestugu. (bilde)

Einar Olav Larsen underviste på hardingfele, det vart lært bort "tusse-pols", vals, reinlender og gallopp. Flott å samle både Hallingdal Juniorspelemannslag og delar av Hallingdal Låtelag. Kursvirksomheit kjem me til å fortsetje med!

Hardingfele og kompgruppa samla.

Ein smakebit frå kurset!




torsdag 8. november 2012

P.A. Røstads Bygdefest!


P.A. Røstads Orkester jr. på Votnahall!

P.A. Røstads orkester står på scenen under Ål spel- og dansarlags andre bygdefest. Dette orkesteret står for rytmisk drivande norsk gammaldansmusikk. Dei vidarefører tradisjonen etter P.A. Røstads kvartett med Hilmar Alexandersen, som på 1970-tallet  vart eit begrep i ”gammaldans-Norge”.

P. A. Røstads orkester består av: orkesterleder Petter Andreas Røstad (trekkspel), Einar Olav Larsen (fele), Bjørn Bakkan (trekkspel), Bjørn Arild Aksnes (kontrabass) og Villy Kvernmo (gitar).

Orkesteret vart norgesmeistrar to år på rad i 1999 og 2000, og vann NRK’s Kappspell 2003 (gammaldans-konkurranse i beste sendetid på NRK). Plateutgjevelsen ”Fjellfiolen” vant tradisjonelt samspel under Folkelarm-prisen i 2011.

Dei kjem til å halde kurs i gammaldans på hardingfele og komp. (bass/gitar) til gammaldans  på ”Sundre Gjestestugu” laurdag 17. nov og sundag 18. nov. I tillegg vert det arrangert dansekurs laurdagen med Martin Myhr som danselærar. (Dansekurset treng ein seg ikkje melde seg på, berre møt opp på Sundre Gjestestugu kl. 13.)
Kvelden på Votnahall opnar med ein minikonsert ca. kl 20.30, før orkesteret spelar til dans resten av kvelden. Dørene opnar kl. 19.30.

Det vert servering av øl og vin. 
Inngang: 200,- 
Kun kontant betaling

Sist gong var det FULLT hus, me håpar dette gjentek seg på Votnahall!

Mellom øktene til orkesteret, er det som før ope scene for alle som vil! Ta med fela, gitaren, toraderen, kva som helst :-)